fredag 5. januar 2018

kjære GUD ....



Det var ikkje slik jula skulle være,

med ein telefon om ei veldig dårlig mormor, om ferger som hadde tatt julefri
og julefrokosten som det ikkje vart noe av ..

Eg hadde nøyaktig 30 minutter på meg for å nå den førte ferga,
eg rakk å kle på meg, eg rakk å ta eit knekkebrød i handa
og eg rakk den første ferga...

Så rakk eg ikkje meir den dagen 

eg kom forseint ......
mormora  mi - men trøsta er vel at no
har du ikkje smerte meir ..



det går vel bra --- men IKKJE enda mormora mi ...








Den kjem i mange forkledningar,
døden,
seier dei.
Nokon gongar
snik den seg innpå.
Lurer i kulissane.
Tek gradvis over
ein skrantande kropp.
Viser seg etter kvart.
Når den gjer siste stikk,
har ein rukke å seie farvel
mange gongar.
Men likevel ikkje
ofte nok.

Andre gongar
er døden synleg berre for den
som brått vert vekke.
Dei rundt
ser det for seint.
I sjokk, vantru
kjenner dei att
døden.
Ikkje du.
Ikkje no.

For dei som sit att
veit eg ikkje kva
som er verst.

At sorga startar før,
varer i langdrag
før den får sleppa ut.

Eller at sjokket
slår ut pusten
på ein.

Men etter ei stund
kjenner ein att den
same sorga.

Veit den skal
vara
lenge.

Og går an
å leva med
til slutt.

© Røsslyng

3 kommentarer:

  1. Så leit å høyre.
    Eg sender deg varme tankar Monika.
    Nei, døden kjem oftast ubeleiig, det er godt
    me ikkje veit.
    Du har tatt med fine ord som beskriv dette.
    God klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så trist. Jeg kondolerer.
    Pludrehanneklem

    SvarSlett

Strikkeglede

 Endelig begynner kreftene å vende tilbake, og gleden av å skape noe føles bra 😀 Når hode henger litt etter er det greit å ha enkle ting på...